Velkomen

 

        Utleige

 

        Aktivitetar

 

        Historie

 

        Prisar

 

        Kontakt

 

        Lenker

 

 

 

 

 

 

Stykkjevika

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Aktivitetar

 

 

Fyresdal har flott natur og den må du nyte...

Tveit ligg i eit unikt kulturlandskap.

 

Å sykle langs grendevegen til Veum eller Fjellgardane vil ta deg nær ulik gardsdrift, ulike husdyr, nydelege tun, Songedalsåa og Sundsvatn. Ta deg eit bad i åa, der er det klart varmt vatn i kulpane..

 

Skogen bugnar av bær som vil bli plukka. Frå seinsommaren finn du bringebær, blåbær, molte og tytebær. Er du heldig finn du markjordbær eller kantarell. Plukk ikkje sopp du ikkje kjenner.

 

Vil du gå lengre turar i nærområdet, er det godt merka stiar til Berrfjell 1161 m.o.h, Øysteinsfjell 1179 m.o.h.og Roan 1191 m.o.h.

 

Du kan ta på deg skia utanfor Tveit. På Veum har vi ei fin ljosløype. Vinterstid er det oppkøyrd låm til Berrfjell. Alpinannlegg finn du i Vrådal og på Hallbjønnsekken.  

 

Langs Fyresvatn har vi lange fine badestrender. Stykkjevika og Bryggeparken bør du vitje.

 

Folkestadbyen er ei perle og sentrum i bygda vår. Ta deg tid til ein vandretur i gatene, besøk butikkar, kafear og kunsthandverkerar. Besøk Øyskogen, museet ligg som ein fin park med sine historiske bygningar og gravhaugar midt i "byen".

 

Fyresdal er eit fint utgangspunkt for biltur til Setesdal, Vinje, Tokke og Kviteseid - der det er fine galleri,utstillingar,sylvarbeid... Langs Nisser er det fine badestrender og vidgjetne svaberg.

 

 

 

 

 

 

 

Ved Sundsvatn

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Tortveit © 2010

www.tortveit.no